Me bidreg til vekst og utvikling

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå er den største eigaren i Jæren Sparebank.

Nær deg

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå består av menneske frå lokalmiljøet.

Desse har fått pengar

Me er stolte over å ha gitt gåver til desse føremåla.

Slik søkjer du

Følgjer du denne rettleiinga er du trygg på at du har gjort alt rett.

Time Og Hå

Stiftinga ønskjer å vere ein aktiv eigar i banken gjennom å vere representerte i banken sine styrande organ, og i tillegg vere representerte i andre fora i banken der Stiftinga finn at deltaking kan vere formålstenleg. Vidare vil stiftinga gjennom deltaking på Generalforsamlinga gje uttrykk for synet sitt på saker som er til behandling. Stiftinga forventar ein open dialog med banken om aktuelle saker og ønskjer periodiske møte med leiinga i banken.

Om Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå

Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konverteringa av 100 millionar kroner av Time Sparebank sitt grunnfond til eigenkapitalbevis. Ved etableringa fekk stiftinga tildelt 1 000 000 vederlagsfrie eigenkapitalbevis, kvart pålydande 100 kroner. Ved fusjonen mellom Time Sparebank og Klepp Sparebank, som vart gjennomført 2. januar 2015, blei stiftinga den største eigaren i Jæren Sparebank, og eig over 50 prosent av samla eigenkapitalbevis i banken. Føremålet med stiftinga er å forvalte eigenkapitalbevisa og vere ein langsiktig og stabil eigar i Jæren Sparebank. 

Stiftinga kan disponere overskot og dele ut gåver til allmennyttige føremål. Stiftinga skal i utdelinga av gåver ta omsyn til det distriktet som har vore med å bygd opp kapitalen i Time Sparebank. Gåver som stiftinga vil dele ut, vil kome frå utbyttet som stiftinga får av eigenkapitalbevisa sine i Jæren Sparebank. Stiftinga skal gjennom eigarskapen sin i Jæren Sparebank vidareføre sparebanktradisjonane og sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod på Jæren.

Play Video