Month: April 2021

Med hjarte for lokalsamfunnet

Tysdag 12. februar var det duka for høgtideleg overrekking av 16 hjartestartarar på Røde Kors-huset på Bryne. Håpet er sjølvsagt at mottakarane aldri får bruk for dei, men om dei skulle gjere det kan hjartestartaren utgjere heile skilnaden mellom liv og død.

Utdeling av gåver på Friluftshuset

Torsdag 13. juni var det duka for den årlege utdelinga for gåver frå Sparebankstiftinga i Time og Hå. I år slo dei seg saman med Sparebankstiftelsen i Klepp og invitert til treff på Friluftshuset på Orre.

Koronastønad

«Koronastønad»: Ekstraordinære tiltak for ekstraordinære tider. Vanlegvis deler ikkje Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå ut driftsstøtte til lag og foreiningar, men no gjer dei eit unntak saman med Sparebankstiftelsen Klepp, og fordeler tre millionar til dette føremålet i kvar av kommunane Klepp, Time og Hå. Samla får dei tre Jærkommunane 9 millionar kroner i stønad.