Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå sin visjon er å medverke til vekst og utvikling på Jæren. Verdiane grunnar i arbeidet med å skape og utvikle gode lokalsamfunn, og å sørge for å ta vare på desse. I denne situasjonen me er i no, blir det ekstra viktig å ta vare på gode lokalsamfunn. Tysdag 31. mars var difor styra i dei to stiftingane samla i eit ekstraordinært styremøte, og fatta vedtak om å gje lag og foreiningar i dei tre kommunane som dei to stiftingane dekkjer ei ekstra handsrekning.
– Me veit at lag og organisasjonar slit for tida, nå som all aktivitet og alle inntekter har stoppa opp, seier Elfin Lea, som er styreleiar i Sparebankstiftelsen Klepp. – Samstundes går rekningane til hus, forsikringar og straum framleis si gong, så me er særs glade for å kunne hjelpa, fortset han.
– Me gjer eit unnatak no, i den spesielle situasjonen me er i for tida, og betaler ut pengar som lag og organisasjonar kan bruke på sjølve drifta, supplerer Arnfinn Vigrestad, styreleiar i Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå.
De to stiftingane deler vanlegvis ut midlar til heilt bestemte føremål, på grunnlag av søknadane som kjem inn frå lag og foreiningar i kommunane, og i reglementet står det tydeleg å lese at desse midlane ikkje skal gå til å dekkje vanleg drift. I brevet som i desse dagar går ut til dei laga og foreiningane som får denne støtta, er grunngjevinga for omprioriteringa av midlane at desse skal sørge for at laga blir minst mogeleg skadelidande i denne utfordrande perioden.
Sidan dette er uploga mark for stiftingane, samarbeider dei tett med administrasjonen i kommunane for å finne ut korleis dei best kan fordela desse midla. Sidan regelverket er ulikt i dei tre kommunane, blir ikkje støtta heilt identisk. For Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå vil støtta gå til 98 lag og organisasjonar, 49 i kvar kommune.
– Me går inn med same sum til kvar. Me rett og slett berre doblar det kommunen betaler ut. Så viss laget veit kva dei kjem til å få frå kommunen, så veit dei kva dei kjem til å få frå oss, seier Elfin Lea.
Begge stiftingane har som mål at pengane skal betalast ut så raskt som det reint praktisk let seg gjere.
Både Elfin Lea og Arnfinn Vigrestad er glade over at sparebankstiftingane kan få vere med å bidra til å støtte idrettslaga og andre lag og organisasjonar slik situasjonen er for tida.
– Dei treng all den hjelp og støtte dei kan få no, seier Elfin Lea.
Sidan det vert delt ut såpass mykje pengar frå dei to sparebankstiftingane i samband med dette ekstraordinære tiltaket, er det naturleg at det ikkje kjem til å vere like mykje pengar i potten til den ordinære utdelingsrunden, som har søknadsfrist 30. april og 31. oktober. Likevel oppmodar dei sjølvsagt lag og foreiningar til å søke om gåver som vanleg. Alle søknadane som kjem inn vil sjølvsagt bli vurderte, men ein må samstundes rekne med at det er «koronastønaden» som har prioritet denne gongen. Styra håpar på forståing for denne prioriteringa.
Pengane som vert nytta kjem frå utbytte på eigenkapitalbevis som desse stiftingane eig i Jæren Sparebank. Det er av desse pengane dei to stiftingane deler ut gåver til det beste for lokalsamfunnet. Dette arbeidet er ekstra viktig no, i denne utfordrande perioden.
– Me håper og trur at denne støtta blir godt motteke der ute, avsluttar Arnfinn Vigrestad.