Siste Nytt

Ny stiftelse skal gi kapital og hjelp til oppstarts- og vekstselskaper på Jæren
Pressemelding: Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå finansierer en ny stiftelse som skal bidra til nyskaping og vekst i kommunene Time, Hå, Klepp og Gjesdal. I stiftelsesåret er det foreløpig satt av 5 millioner kroner som skal komme oppstarts- og vekstselskaper til gode.

Spenstig støtte til Bryne Turnlag
Bryne Turnlag blei stifta i 1907 og er det eldste idrettslaget i Time. For tida tel Bryne Turnlag 660 medlemmar i alderen 1- 80 år, og i august 2021 sto den nye turnhallen i Vardheihallen ferdig. Sjølv om drifta ikkje har vore heilt som normalt på grunn av pandemien, set alle i turnlaget stor pris på dei nye, flotte fasilitetane.

Varhaug IL – med hjarte for bygda
Varhaug Idrettslag blei stifta i 1932, og er ein breiddeklubb som for tida tel 1769 medlemmar. Det er ikkje verst i ei bygd med kring 3200 innbyggarar!

Med hjarte for lokalsamfunnet
Tysdag 12. februar var det duka for høgtideleg overrekking av 16 hjartestartarar på Røde Kors-huset på Bryne. Håpet er sjølvsagt at mottakarane aldri får bruk for dei, men om dei skulle gjere det kan hjartestartaren utgjere heile skilnaden mellom liv og død.

Utdeling av gåver på Friluftshuset
Torsdag 13. juni var det duka for den årlege utdelinga for gåver frå Sparebankstiftinga i Time og Hå. I år slo dei seg saman med Sparebankstiftelsen i Klepp og invitert til treff på Friluftshuset på Orre.

Koronastønad
«Koronastønad»: Ekstraordinære tiltak for ekstraordinære tider. Vanlegvis deler ikkje Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå ut driftsstøtte til lag og foreiningar, men no gjer dei eit unntak saman med Sparebankstiftelsen Klepp, og fordeler tre millionar til dette føremålet i kvar av kommunane Klepp, Time og Hå. Samla får dei tre Jærkommunane 9 millionar kroner i stønad.