Om Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå

Om Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå er den største eigaren i Jæren Sparebank. Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konvertering av kr. 100 millionar av Time Sparebank sitt grunnfond til eigenkapitalbevis. Ved etableringa fekk stiftinga vederlagsfritt tildelt 1.000.000 eigenkapitalbevis pålydande kr. 100. Ved fusjonen mellom Time Sparebank og Klepp Sparebank som vart gjennomført 2. januar 2015, er stiftinga den største eigaren i Jæren Sparebank og eig over 50 prosent av samla eigenkapitalbevis i banken.

Formål

Formålet med stiftinga er å forvalta eigenkapitalbevisa og væra ein langsiktig og stabil eigar i Jæren Sparebank. Stiftinga kan disponera overskot og dela ut gåver til allmennyttige formål. Stiftinga skal i utdeling av gåver ta omsyn til det distriktet som har vore med å bygd opp kapitalen i Time Sparebank. Gåver som stiftinga vil dela ut, vil koma frå utbytte som stiftinga får av eigenkapitalbevisa sine i Jæren Sparebank. Stiftinga skal gjennom eigarskapen sin i Jæren Sparebank vidareføra sparebanktradisjonane og sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod på Jæren.

Styrande organ

Styret

NavnRolleEmail
Arnfinn VigrestadLeiar arnfinn.vigrestad@lyse.net
Gunnar SiqvelandMedlemgunnar.siqveland@lyse.net
Kjellaug HeskjaMedlemkjellaug@heskja.net
Elin HobberstadMedlemelinhob@online.no
Bjørn LendeMedlembjornlende@gmail.com
Erling Braut UelandVaraerlingbu@hotmail.com

Generalforsamling

NavnRolle
Karl StangelandLeiar
Sjur HålandMedlem
Frode Hagerup jr.Medlem
Rein Harald SalteMedlem
Elling AarslandMedlem
Jan Erik TuenMedlem
Mona UelandMedlem
Inger ReiestadMedlem
Lars NærlandVara
Hans Egil Løe AbelsnesVara
Signe TunheimVara