Utdeling av støtte våren 2023

Midt i blinken! – Gåvmild utdeling på Klepp Skyttarhus

Torsdag 15. juni 2023 var det duka for felles utdeling av midlar frå Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå og Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp på Klepp Skytterhus. Klepp Skytterlag var vertskap, og dei fekk samstundes tildelt ei gåve som trefte midt i blinken.

Trond Inge Rødland frå Klepp Skytterlag starta samlinga med å fortelje litt om historia til Det frivillige Skyttervesen, som er opphavet til skyttarlaga rundt om i landet. DFS oppstod i 1893, då dei ulike skyttarlaga i landet gjekk saman og blei samla i ein felles organisasjon, med eit mål om å styrke Norge sitt forsvar ved å gi folk opplæring i skyting.

Klepp Skytterlag er eitt av til saman 850 skyttarlag i landet, og det har vore organisert skyting i området sidan 1880-talet. DFS har rundt rekna 140 000 medlemmar på landsbasis, og av desse høyrer 300 heime på Klepp.

Trond Inge Rødland fortel om eit veldig bra og inkluderande miljø, med medlemmar mellom 11 og 90 år, og eit fokus på samhald og sikkerheit. Ungdomsverksemda står og høgt i laget, og gutar og jenter trenar saman. Det er og mogeleg for ungdommar som ønsker å teste ut sporten å prøve han ut gratis, og gode støtteordningar er på plass, slik at det er rom for alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn.

Det er inga tvil om at Klepp Skytterlag har dugnadsvillige og dyktige medlemmar. Dei arrangerer ulike typar stemne og meisterskap, og har vore medarrangør på Landsskyttarstemnet fleire gonger. Medlemmane hevdar seg og i konkurransesamanheng, og Klepp Skytterlag har vore representert på landslaget kvart år sidan 2016.

Trond Inge Rødland er stolt av både sjølve fasilitetane til Klepp Skytterlag og av medlemmane sine, men er tydeleg på at føresetnadane for å få til dette arbeidet er ein sunn økonomi og gode støttespelarar. Av desse dreg han fram Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp som ein av dei viktigaste. Utan den økonomiske støtta som har blitt Klepp Skytterlag til gode opp gjennom åra er det mange prosjekt det ville vore vanskeleg å gjennomføre.

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå

Geir Magne Tjåland, banksjef i Jæren Sparebank, sto for utdelinga av midlane til Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå sine mottakarar. Han fortel at sidan starten i 2015 har Sparebankstiftinga delt ut vel 51 millionar kroner fordelt på 140 mottakarar.

Midlane kjem frå utbyttet av dei verdiane som Sparebankstiftinga forvaltar. Dette er verdiar som høyrer til lokalsamfunnet, og gåvene som blir delte ut skal vere til allmennyttige føremål.

Det er to søknadsfristar per år, og ikkje alle som søker får tildelt støtte. Det er nemleg slik at det blir søkt om meir pengar enn dei har å dele ut, så då må det gjerast prioriteringar. Det betyr at sjølv om ein har gode føremål kan det hende at ein får avslag på søknaden.

Denne gong fekk Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå inn 43 søknadar, og av desse har 23 fått tildelt støtte på til saman 9,3 millionar.

Glade mottakarar for første tildeling i 2023 er:

Bryne KFUK-KFUM Speider, som har søkt om masteseil til opphaldsplass når dei er ute på tur eller skal slå leir.

Bryne FK, som har mange prosjekt på gong, mellom anna renovering av klubbhuset.

Bjelland Bedehus, som skal oppgradera eit gammalt kjøkken.

Bryne Friidrettsklubb, som treng mjukare matter for dei som skal hoppe høgde i hallen.

Bryne Karateklubb, som skal kjøpe kroppsskjold og anna verneutstyr.

Elgane Motorsykkelklubb, som skal utvide anlegget og setje opp flaumlys, slik at dei kan bruke banen og på kveldstid.

Fantefølge, som skal setje opp «Reisen til Julestjernen», og treng kostymer og kulisser.

Gjesdal Idrettslag, som skal bygge ein «Tuftepark» til glede for alle.

Hognestad IL, som skal utvide den eksisterande hallen og lage treningsrom og lager.

Jæren symfoniorkester, som skal handle A-klarinett og valthorn.

Kongstun Kristne Friskule, som skal bygge ballbinge.

Lokalkapital Jæren, ein nyetablert stiftelse som skal bidra med midlar til næringsutvikling på Jæren

No Limitation AS, som skal få laga seg kantine i lokalet sitt.

Nærbø Bedehus, som treng fasadeskilt og fleire høgtalarar i møtesalen.

Nærbø Røde Kors Hjelpekorps, som treng ny mannskapsbil.

Nærbø sokn, som treng å oppgradera teknisk utstyr og miksepult i kyrkja.

Samfunnshuset Kverneland, som skal leggje nytt golv på kjøkkenet.

Tryggheim skular, som skal montere solcelleanlegg på skulen.

Undheim samfunnshus, som skal fjerne panelomnar og setje inn varmepumpe.

Vigrestad FK, som skal skifte ut det gamle kjøkkenet sitt.

Varhaug IL, som skal bygge nytt trimrom.

Ålgård Svømmeklubb, som treng ny startpall.

Ålgård Bedehus, som skal rehabilitere bygget.

 

Stemninga var sjølvsagt særs god då Geir Magne Tjåland delte ut gåvesjekkane til dei ulike laga og foreiningane som hadde møtt opp. Det er inga tvil om at pengane kjem godt med, og at det er mange av innbyggjarane i Time, Hå og Gjesdal som vil nyte godt av det nye utstyret og dei ulike prosjekta som mottakarane no skal i gong med. Det er med andre ord mange av innbyggjarane i desse tre kommunane som får glede av dei verdiane som blir skapt på grunnlag av denne økonomiske støtta.

Del dette inlegget