Gåvepolitikk

Stifta 6. februar 2014

Retningsliner for tildeling av gåver til allmennyttige føremål

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå disponerer betydelege verdiar som har sitt utgangspunkt i eigenkapitalbevisa som Sparebankstiftinga fekk ved etableringa i 2014 i samband med konvertering av grunnfondskapital til eigarandelskapital og etter fusjonen med Klepp Sparebank.  Sparebankstiftinga skal vera ein langsiktig og ansvarleg eigar av Jæren Sparebank. Time Sparebank etablerte i 2006 eit gåvefond og har delt ut gåver til  allmennyttige føremål alle åra seinare.

Oppgåva å tildela gåver til allmennyttige føremål på Jæren, og spesielt i Time og Hå, er nå overført til Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå.  Stiftinga sin gåvepolitikk er basert på vedtektene, og Stiftinga vil vidareføra hovudpunkta som Time sparebank har forvalta gåvefondet etter.

  • På ein god måte bidra til vekst og utvikling på Jæren, spesielt i kommunane Time og Hå. Men vil også kunna dela ut gåver i Jær-kommunar der banken har sin primære aktivitet.
  • Vera ein reiskap til å støtta prosjekt det er naturleg å vera med på
  • Imøtekoma søknader om større gåver

Gåver varierer normalt i storleik frå kr 50.000,- og større

Gåver varierer normalt i storleik frå kr 50.000,- og større

Prioriterte gåveføremål

Oppvekstmiljø | Idrett | Kultur | Friluftsliv | Næringsutvikling

  • Stiftinga ser etter, og vil prioritera prosjekt som kjem mange til gode og som utløyser eigeninnsats og støtte frå andre.
  • Det vert ikkje gjeve gåver til ordinær drift, som reiser, husleige, sponsorstøtte og liknande.  Stiftinga gjev heller ikkje gåver til enkeltpersonar.  Prosjekt som er ferdige / gjennomførte støttes heller ikkje.
  • Vi har i 2023 etablert stiftinga Lokalkapital Jæren og vil bidra med gåver til den. Formålet med denne stiftinga er å bidra til næringsutvikling og næringsetablering, også det i Jær- kommunane.
  • Søkjarar vil normalt ikkje få tildeling meir enn ein gong kvart år.  Om tidlegare tildeling ikkje er nytta / utbetalt vil normalt ny søknad bli avslått.
  • Stiftinga grunngjev ikkje avslåtte søknader.
  • Søkjarane må vera registrerte i Enhetsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer.
  • Søknad om gåve skal skrivast på eige skjema. Dette finst på heimesida til Stiftinga.
  • Søknadsfrist er 30. april og 31. oktober.
  • Alle søknader vert lagt fram for styret til behandling.
  • Før utbetaling av tildelte gåver, må vilkåra for tildelinga vera oppfylt.