Slik søkjer du

Følgjer du denne rettleiinga er du trygg på at du har gjort alt rett.

Søknadsskjema

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå er den største eigaren i Jæren Sparebank. Stiftinga vart etablert 6. februar 2014 i samband med konvertering av kr. 100 millionar av Time Sparebank sitt grunnfond til eigenkapitalbevis. Ved etableringa fekk stiftinga vederlagsfritt tildelt 1.000.000 eigenkapitalbevis pålydande kr. 100. Ved fusjonen mellom Time Sparebank og Klepp Sparebank som vart gjennomført 2. januar 2015, er stiftinga den største eigaren i Jæren Sparebank og eig over 50 prosent av samla eigenkapitalbevis i banken.

Kven vert prioritert?

Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå deler ut gåver til allmennyttige formål, primært i kommunane Time og Hå.

Kva stiftinga ikkje støttar

  • Det vert ikkje gjeve gåver til reiser, drift, sponsorstøtte eller til direkte næringsverksemd. Stiftinga gjev heller ikkje gåver til enkeltpersonar.
  • Søkjarar vil normalt ikkje få tildeling meir enn ein gong kvart år.
  • Om tidlegare tildeling ikkje er nytta / utbetalt vil normalt ny søknad bli avslått.

Kven kan søkje?

Lag, foreiningar og organisasjonar i Time og Hå som har organisasjonsnummer.

Søknadsfristar

Stiftinga tildeler gåver 2 gonger kvart år. Søknadsfristane er 30. april og 31. oktober. Styret behandlar søknadane normalt i månaden etter. Alle som har søkt får svar.

FAQ

Ofte stilte spørsmål

Berre dei som bur i Time og Hå kan søkje om gåver frå Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå. Søknaden må vere innanfor prioriterte føremål for å verte vurderte. Oversikt over prioriterte føremål.

Retningsliner for tildeling av gåver ligg til grunn. Finn Retningslinjer her.

Søknader vert behandla to gongar kvart år. Om våren med søknadsfrist 30. april og om hausten med søknadsfrist 30. oktober.

Svar blir normalt verte gitt innan to månader etter søknadsfristen. Stiftinga grunngjev ikkje avslåtte søknader.

Når søknaden er sendt på skjema på nettsida vår, skal du få ein e-post med stadfesting om at han er motteken.

På søknadsskjemaet er det mogeleg å leggje med vedlegg. Stiftinga vil kontakte deg om dei treng fleire opplysningar.

Stadfestinga vert sendt til den e-postadressa du har oppgitt i søknadsskjemaet. Om du ikkje har motteke stadfesting, kan det vera at søknaden din ikkje er sendt, eller at svaret er sortert under søppelpost (spam) i innboksen din. Om du ikkje finn stadfestinga, bør du sende søknaden ein gong til eller senda oss ein førespurnad pr. e-post til post@stiftinga-timeogha.no, så skal me sjå om søknaden har kome eller ikkje.

Frivillige organisasjonar eller andre som driv med frivillig arbeid og betaler meirverdiavgift, kan søkje om kompensasjon. Ordninga vert forvalta av lotteri- og stiftingstilsynet. Link til lotteri- og stiftingstilsynet.