Vedtekter
Stifta 6. februar 2014
1. Alminnelege føresegner
§ 1-1 Firma og forretningskontor
Namnet på stiftinga er Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå.
Forretningskontor for stiftinga er i Time kommune.
§ 1-2 Formål
Formålet med stiftinga er å forvalta eigenkapitalbevisa som vart tilførte ved opprettinga, og å utøva ein langsiktig og stabil eigarskap i Jæren Sparebank. Stiftinga kan elles plassera midla på ein formålstenleg og betryggjande måte ut frå omsyn til tryggleik, risikospreiing, likviditet og med sikte på å oppnå marknadsmessig avkasting på eigenkapitalen.
Stiftinga kan disponera overskot og dela ut pengar til allmennyttige formål. Stiftinga skal i si utdeling særleg ta omsyn til det distriktet som har bygt opp kapitalen i tidlegare Time Sparebank.
I si verksemd skal stiftinga gjennom eigarskapen i Jæren Sparebank og vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godt lokalt forankra sparebanktilbod i kommunane Time og Hå. Elles kan stiftinga driva anna verksemd som er i samsvar med formål og dei rammene som til ei kvar tid følgjer regelverket for Sparebankstiftingar.
§ 1-3 Stiftinga sin kapital
Stiftinga vart oppretta med 1 000 000 eigenkapitalbevis pålydande kr.100 i tidlegare Time Sparebank, 20 000 eigenkapitalbevis i Hjelmeland Sparebank og eit kontantbeløp på kr. 2 000 000.
Stiftinga sin grunnkapital skal utgjera kr. 50 millionar.
Stiftinga kan motta ytterlegare middel utover avkastinga av stiftinga sin eigenkapital etter samtykke frå styret i stiftinga. Det er generalforsamlinga som skal godkjenna at slike middel kan leggjast til grunnkapitalen. Stiftinga kan ikkje ta imot middel dersom det er knytta vilkår til disponeringa som ikkje er i samsvar med stiftinga sitt formål.
§ 1-4 Utskriving av eigenkapitalbevis og opptak av lån
Stiftinga kan skriva ut eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammene som til ei kvar tid følgjer av regelverket for sparebankstiftingar.
2. Stiftinga sine organ
§ 2-1 Organa
Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valkomite.
I tillegg kan Stiftinga tilsetja dagleg leiar.
§ 2-2 Val av generalforsamling
Generalforsamlinga skal bestå av 8 medlemmer og 3 varamedlemmer. Samansetjinga av generalforsamlinga skal avspegla kundestrukturen i Jæren Sparebank, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytta til stiftinga si verksemd.
6 av medlemmene og 1 av varamedlemmene vert valde av og blant innskytarane med bustadadresse Time og Hå som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt innskot over kroner 2.500 i Jæren Sparebank. Ingen innskytar kan avgje meir enn ein stemme.
Valkomiteen førebur valet, og det vert organisert av styret i stiftinga. Valet vert gjort kjent i minst ei lokaldekkjande avis seinast 14 dagar før valet skal skje og elles slik styret bestemmer. Styret kan bestemma at valet kan foregå ved brev, elektronisk post eller på annan forsvarleg måte.
Kommunestyra i Time og Hå peikar ut kvart sitt medlem med varamedlem til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Time og Hå.
Generalforsamlinga vert vald for 4 år. Varamedlemmer som er valde av innskytarane, skal veljast for 2 år. Vala til generalforsamlinga skal skje innan utgangen av april månad.
Attval kan skje.
Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Valet gjeld for 1 år. Val av medlemmer og varamedlemmer skal skje innanfor den tid som lova til ei kva tid seier. Medlemmer og varamedlemmer av generalforsamlinga kan ikkje ha styreverv eller vera tilsette i selskap som konkurrerer med Jæren Sparebank. Skjer dette for styremedlemmer i funksjonstida, går vedkomande ut or styret og varamedlemmet går inn som fullverdig medlem. Gjeld dette varamedlemmer, er dei ute.
Første ordinære val til generalforsamlinga vert halde saman med ordinær generalforsamling i stiftinga året etter at stiftinga er oppretta. Ved opprettinga av stiftinga vel forstandarskapet i Time Sparebank medlemmer til generalforsamlinga i tråd med første til fjerde ledd, likevel slik at medlemmene som er peika ut av kommunestyra i Time og Hå, vert valde for 2 år. Anna kvart år skal det veljast 2 nye medlemmer av generalforsamlinga. Loddtrekning avgjer kva for medlemmer blant innskytarane som skal tre ut or generalforsamlinga. Det gjeld og kven som skal tre ut etter dei to første åra. Slik loddtrekning gjeld ikkje medlemmer av generalforsamlinga som er peika ut av kommunestyra.
Varamedlemmer er på val kvart anna år.
§ 2-3 Generalforsamlinga
Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføra ordinær generalforsamling, første gong i 2015. Generalforsamlinga møtest der stiftinga har sitt forretningskontor. På den ordinære generalforsamlinga skal ein behandla fylgjande saker:
- Val av leiar og nestleiar for generalforsamlinga
- Val av styremedlemmer
- Val av medlemmer til valkomiteen
- Fastsetja godtgjersle til medlemmene av generalforsamlinga, styret og valkomiteen
- Val av revisor og revisor si godtgjersle
- Føra tilsyn med stiftinga si verksemd
- Godkjenna årsrekneskap og årsmelding
- Vedta gransking
- Etter forslag frå styret skal ein vedta bruk av årets overskot. Ein skal og avgjera kor stor del av overskotet innanfor ei ramme på 50 prosent som kan brukast til gaveformål.
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer inn under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller besluttande organ.
I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret behandla og avgjera:
- Endring i stiftinga sine vedtekter
- Avgjera omdanning av stiftinga etter forslag frå styret
- Sal av eigenkapitalbevis i Jæren Sparebank som vart tilført ved fusjonen mellom Time og Klepp Sparebank
- Forvalting av midlane i stiftinga gjennom samtykke til omdanning av Jæren Sparebank til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og sal av vesentleg del av Jæren Sparebank si verksemd
- Oppløysing av stiftinga
Generalforsamlinga vert kalla inn av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemmer kalla inn.
Styret kan avgjera at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling.
Styret skal innkalla til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemmer av generalforsamlinga skriftleg krev å få behandla ei bestemt sak.
I innkallinga til generalforsamling skal det tydeleg gå fram tid og stad for møtet og dei sakene som skal behandlast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før møtet. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før møtet viss det ikkje ligg føre andre fristar i gjeldande lovgjeving.
Ein medlem har rett til å få behandla ei sak som er meld skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga.
Kvar enkel medlem i generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga.
Generalforsamlinga er vedtaksfør når minst 2/3 av medlemmene er til stades. Avgjerder i generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei stemmene som er gjevne viss ikkje noko anna er bestemt i lov eller vedtekter.
Avgjerder som nemt i punkt 11-15 krev at minst 2/3 av alle medlemmene av generalforsamlinga stemmer likt. Avgjerd om oppløysing og om å endra vedtektene, skal sendast dei som har avgjerdsmynde for godkjenning.
Styreleiar skal møta på generalforsamlinga. Andre styremedlemmer og dagleg leiar har møterett.
Det skal førast protokoll. Protokollen skal skrivast under av møteleiaren og to andre, valde av generalforsamlinga, som er til stades i møtet.
§ 2-4 Styret
Stiftinga skal ha eit styre på 3 til 5 medlemmer og ein varamedlem.
Styret skal ha den mynde og det ansvar som til ei kva tid gjeld i forhold til gjeldande lovgjeving og vedtekter.
Styret sine medlemmer og leiar vert valde av generalforsamlinga for to år. I første periode sit halvparten i 1 år. Attval kan skje.
Samansetjinga av styret skal reflektera samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemmer og varamedlemmer av styret skal fylla dei krav som gjeld i den til kvar tid gjeldande lovgjevinga.
Medlemmer og varamedlemmer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjingsforhold i selskap som konkurrerer med Jæren Sparebank eller eit anna selskap i same konsern som Jæren Sparebank. Skjer dette for styremedlemmer i funksjonstida, går vedkomande ut or styret og varamedlem går inn i styret viss dei er oppnemd. Viss ikkje må det haldast suppleringsval.
Dersom det er varamedlemmen som vert ramma, fell denne varamedlemmen bort.
§ 2-5 Forvalting av midla i stiftinga
Styret forvaltar midla i stiftinga eller vedtek retningslinjer for dette. Styret skal sjå til at midla vert forvalta i tråd med formålet i stiftinga jmf. §1-2. Styret skal og sjå til at verksemda vert styrt i forhold til gjeldande regelverk og vedtektene i stiftinga.
For å vera i tråd med formålet i stiftinga og vilkår sett av Finansdepartementet, skal stiftinga i si forvalting til ei kvar tid ha ein andel av eigarandelskapitalen i Jæren Sparebank som er lik eller høgare enn 25%.
§ 2-6 Disponering av midla i stiftinga
Styret foreslår utdeling av gåver innanfor dei rammene som generalforsamlinga har sett i forhold til bruk av overskotet det året. Disponering av gåvemiddel ut over ei ramme på femti prosent av overskotet det året, kan vedtast av generalforsamlinga med fleirtal som ved vedtektsendringar. Styret kan la generalforsamlinga vedta utdeling til enkelte gåveformål.
§ 2-7 Styret si saksbehandling
Styret skal behandla saker i møtet viss ikkje styreleiar meiner at saka kan liggja føre skriftleg eller behandlast på ein annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal behandlast i møtet. Dersom det er tilsett dagleg leiar, skal han møta i styremøta.
Styreleiar skal sørgja for at aktuelle saker som høyrer inn under styret, vert behandla. Styremedlemmer kan krevja at styret behandlar bestemte saker. Styrebehandling skal varslast på ein formålstenleg måte og med rimeleg frist.
Styret kan fatta vedtak når meir enn halvparten av medlemmene tek del i styrebehandlinga. Dette gjeld ikkje utan at styremedlemmer og eventuell varamedlem som møter, har vore med i behandlinga av saka.
Ei avgjerd frå styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemmer som tek del i behandlinga av ei sak, har stemt for. Ved same stemmetal gjeld det som leiaren i styret har stemt for.
Det skal førast protokoll frå styrebehandlinga.
§ 2-8 Inhabilitet
Ein styremedlem må ikkje ta del i behandlinga av ei sak som har betydning for ein sjølve eller slekt/vener. Heller ikkje viss ein styremedlem har ei personleg eller økonomisk særinteresse/ interesse i saka.
Ein styremedlem kan heller ikkje ta del i saksbehandlinga og fatta vedtak når ein sjølv eller slekt/vener har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller foretak som har økonomisk eller anna interesse i saka. Det gjeld og i saker der ein sjølv eller slekt/vener tidlegare har teke del i saksbehandlinga. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av middel til fordel for det offentlege.
§ 2-9 Representasjon utad
Styreleiaren eller to av styremedlemmene i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma.
Styret kan tildela prokura og spesialfulmakter.
§ 2-10 Dagleg leiar
Styret kan tilsetja dagleg leiar. Dersom omfanget av oppgavene ikkje er så omfattande, kan ein i staden inngå avtale med ein person eller selskap som påtek seg oppgavene som dagleg leiar.
Dagleg leiar har ansvar for den daglege leiinga av verksemda til stiftinga og skal følgja dei retningslinjene og pålegg som styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuera dei utdelingane som stiftinga gjer, og sørgja for at det vert gjort kjent at midla stammer frå Sparebankstiftinga Time og Hå. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller av stor betydning. Dagleg leiar skal sørgja for at rekneskapen til stiftinga er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltinga er ordna på ein betryggjande måte.
Dagleg leiar må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Jæren Sparebank eller eit anna selskap i same konsern som Jæren Sparebank.
§ 2-11 Valkomiteen
Generalforsamlinga vel ein valkomite på 3 medlemmer og ein varamedlem. Dei skal og velja leiar i valkomiteen. Valet skal skje blant generalforsamlinga sine medlemmer. Valet gjeld for 2 år.
Valkomiteen skal førebu valet av medlemmer og varamedlemmer til styret, generalforsamlinga og valkomiteen. Valkomiteen skal grunngje si innstilling.
3. Andre vedtak
§ 3-1 Bruk av årsoverskot – dekning av underskot
Overskot i stiftinga skal brukast i tråd med stiftinga sitt føremål, jmf. §1-2 innanfor rammene i det lovverket som gjeld.
Underskot, etter disponeringa frå styret, vert først dekka av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.
§ 3-2 Bruk av stiftinga sine middel ved oppløysing av stiftinga
Ved oppløysing skal midla i stiftinga gå til å fremja sparebankverksemd etter nærare avgjerd i generalforsamlinga.
Avgjerd om bruk av stiftinga sine middel ved oppløysing, skal godkjennast av rette styresmakter.
Godkjent av generalforsamlinga 23.10.2014
Endra av generalforsamlinga 27.04.2017
Endra av generalforsamlinga 25.02.2021
Endra av generalforsamlinga 24.11.2022