Stiftelsene: Utdeling av støtte vår 2023

Nærbø Røde Kors Hjelpekorps – Tildelt gåve på kr. 500.000 til ny mannskapsbil.

Korpsleiar Bjørn Gunnar Lunden og Morten Vikeså frå Nærbø Røde Kors Hjelpekors hadde teke turen til Klepp i det fine sommarvêret for å ta imot gåvesjekk på 500 000 blanke kroner frå Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå. Pengane skal gå til innkjøp av ny mannskapsbil.

– Det er på høg tid å bytte ut den gamle bilen, fortel korpsleiar Bjørn Gunnar Lunden. – Den gamle mannskapsbilen vår er 18 år gammal, og utstyrskrava har endra seg drastisk sidan han var ny. Faktisk er endringane etter kvart blitt så omfattande at det er vanskeleg å få med seg alt utstyret me treng i den gamle bilen. Det å få den nye bilen i drift så fort som mogeleg vil difor gjere jobben vår mykje enklare og tryggare.

Nærbø Røde Kors Hjelpekors er ute på mange søk- og redningsoppdrag i løpet av eitt år, og dekker heile Sør-Rogaland, pluss nordsida av Boknafjorden, så dei er avhengige av eit solid køyretøy med kraftig nok motor til å frakte både utstyr og frivillige raskt og trygt dit det er behov for dei.

Lunden anslår at dei i snitt har 25 aksjonar i året, og dei rykker ut på mange ulike typar søk- og redningsoppdrag, frå søk etter fotturistar som har gått seg vill til leiteaksjonar etter menneske med auka sjølvmordsfare eller personar med demens. Dei gir og bistand ved katastrofar og evakuering.

– Me er utruleg takksame for denne støtta frå Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå, seier korpsleiar Lunden. – Me er diverre ikkje heilt i mål enno, for den nye bilen kjem på 1,3 millionar til saman, men me håper likevel å kunne setje bilen i bestilling så snart som mogeleg. Me har nemleg godt håp om å få dekka inn resten av beløpet gjennom andre stønadsordningar, så difor satsar me på å få han på vegen ganske raskt. Me har og mange gode folk som står klar for å skru bil, slik at han oppfyller dei krava Nærbø Røde Kors Hjelpekorps har til den nye mannskapsbilen.

Arbeidet med å tilpasse bilen skal sjølvsagt gjerast på dugnad, på lik linje med resten av den fantastiske samfunnsjobben Nærbø Røde Kors Hjelpekorps står for. Lunden og Vikeså har ikkje heilt oversikt over kor mange dugnadstimar det faktisk er snakk om. I tillegg til alle søk- og redningsoppdraga som dei er med på, driv dei nemleg og på med utstrekt kursverksemd. Dei anslår difor at det er snakk om minst eitt årsverk per år, om ikkje meir.

På spørsmålet om kva det er som får dei til å vie så mykje av fritida si til denne jobben svarer dei at løna deira er å kunne hjelpe folk i krisesituasjonar, og å sjå gleda til dei involverte når ein leiteaksjon endar positivt.

– Me gler oss sjølvsagt stort til å få den nye bilen på vegen, seier Lunden og Vikeså. – Ein betre og tryggare mannskapsbil vil gjere jobben vår meir effektiv, noko som i sin tur kjem til å gagne heile lokalsamfunnet.

Del dette inlegget