Jan Christian Vasshus er dagleg leiar i Varhaug IL, og elskar at han kan få lov til å vere ein del av eit idrettslag som aktivt tek større samfunnsansvar. Dette har idrettslaget drive med sidan 2016, ved å ha ein tett dialog med skule og kommune for å avdekke kva behov dei unge i bygda har. Dette samarbeidet har resultert i mellom anna skulefrukost og leksehjelp, betalt av idrettslaget. Det er og ungdommar som har fått arbeidslivsfagtrening i regi av Varhaug IL, og som gjennom dette arbeidet har fått auka livsmeistring.
Det er her Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå kjem inn som ein utruleg viktig aktør. Stiftinga er ein avgjerande bidragsytar som sørger for at det er mogeleg å gjennomføre desse ulike prosjekta, noko som kjem både idrettslaget og bygda til gode.
Jan Christian Vasshus roser Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå for si positive haldning og for å vere på ballen. Han dreg og fram at Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå er flinke til å spreie støtta si og til å støtte opp om ulike typar prosjekt i heile breidda av kulturlivet. Dei heier rett og slett på Jæren og på den aktiviteten og det engasjementet som er å finne i dei ulike lokallaga i dette området. Vasshus seier at han oppmodar alle frivillige lag og organisasjonar om å søke informasjon om Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå si støtteordning, for det er mange gode sakar på Jæren som fortener merksemd.

Jan Christian Vasshus er nøgd med korleis e-sportrommet har blitt, og her er det stor aktivitet og mykje godlyd når e-sportsgjengen samlast.

Aktivitetsparken er ein særs populær stad – i enkelte høve meir populær enn fløyteis.

Med positive sponsorar som har hjarte for Jæren kan ein få til mykje bra.
E-sportrommet sto klar i mars 2020, og her har og Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå vore ein viktig støttespelar. På grunn av pandemien fekk ein ikkje ta rommet i bruk før i byrjinga av september 2020, men e-sportsgruppa tel allereie 60 aktive medlemmar, frå 3. klasse og oppover, og det er god gang og høg trivselsfaktor. Alle treningane inneheld ein halv time til fysisk aktivitet i gymsalen. Etter kvart skal dei og leggje inn økter med kosthaldsvegleiing i programmet. Det er og planer om å trene opp lag til å delta i turneringar i breiddeligaen. Det er inga tvil om at e-sport er ei idrettsgrein som har kome for å bli.
Det aller viktigaste med dette tilbodet er sjølvsagt at det er opent for alle, og at det skal vere fokus på trivsel og på å gjere noko gøy saman, samtidig som ein får vere i fysisk aktivitet.
Jan Christian Vasshus
Det siste tilskotet i utstyrsparken til Varhaug IL er den stilige lysharen som er montert rundt løpebanen. Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå delte ut støtte til denne i 2021, og han er nett tatt i bruk. Kontrollpanelet til lysharen står rett ved aktivitetsparken, og lysharen er eit nyttig hjelpemiddel for dei som er glade i å springe. På Varhaug er det nemleg stadig fleire som er glade i nett det. For om lag eit halvt år sidan var det nokre eldsjeler som tok initiativ til å starte opp Løpegøy. No tel denne springegruppa kring 30 personar, og det er inga tvil om at denne gruppa skapar aktivitet. No har det og kome førespurnad om ei eiga springegruppe for barn. Det aller viktigaste med dette tilbodet er sjølvsagt at det er opent for alle, og at det skal vere fokus på trivsel og på å gjere noko gøy saman, samtidig som ein får vere i fysisk aktivitet.
Jan Christian Vasshus har og mange framtidsplanar for Varhaug IL på blokka. Mellom anna er det planlagd ein fotballhall, og her ønsker han at ungdommane sjølv skal kome meir på banen i sjølve planleggingsfasen. Den nye fotballhallen skal ikkje vere ein rein idrettshall, men ein arena der ungdom kan henge saman på fritida og drive med mange ulike typar aktivitetar. Her skin den overordna tanken om at Varhaug IL skal vere meir enn eit idrettslag tydeleg gjennom, og speglar samstundes tanken om at idrettslaget kan vere med på å bidra med å legge forholda til rette for at ungdommane i bygda skal oppleve livsmeistring, og på andre felt i livet enn dei reint sportslege. Det er med andre ord inga tvil om at hjartet til Varhaug IL bankar for bygda og for innbyggarane der.

Det er ikkje mange stader i Noreg ein kan sjå noko så eksotisk som ein lyshare – men det kan du på Varhaug.